lørdag 6. november 2010

Såleis står det skriven:

I dei dagane lét Løytnant Krutå lyse ut at det snart skulle stellast i stand jul over heile verda. Han sjølv tok då turen til Jekta Aust og Vest for å gjere bankkontoen liten og posane store. Varierande grad av suksess på siste punktet, men det var då saktens ein viss tryggleik i å vete kva ein skulle ta seg til neste laurdag og! Men Løytnanten kvad ikkje meir på klagesangen enn han trong å gjere; eit par-tre julegåver var faktisk i boks! Kven skulle trudd dét for berre ei veke sidan? No må det seiast at det ikkje var mange ynskjelister han hadde fått lukka av å sette nasen i sidan sist, men han vona det kom seg! Diverre kunne han ikkje seie noko med åsyn på kva han faktisk hadde kjøpt, då vart jo halve moroa øydelagt... Men innrømme at han óg denne gongen vart skuldig i å handle nokre audmjuke artiklar til storhushaldninga Krutå, dét gjorde han glatt! Adventssjerne til dømes, ei investering som faktisk var planlagt på førehand. Men ikkje klede av noko slag!

Brått trong Løytnanten kvile frå juleførebuinga og fór vidare til den lokale sushi-restauranten Rå for å feitgjere seg på ukoka fiskebitar på ris, ein rett som av mang ein stovegris i samtida sannkjenneleg var ofseleg undervurdert! Eit i røynda framifrå og velsmakande matmål var det! Og det viste seg faktisk at etepinnar ikkje var så utprega vanskelege å bruke som ein skulle tru, basert på erfaringane frå tidligare gjennomførde ekskursjonar til lignande herberge med plass til Brynjar frå Himmelblå. Brynjar talte ned til dei og sa: "Ver ikkje redde, eg er jo Steinar Lindbekk frå Offshore!"

Og alle vart dei samde om at det hadde vore ein spanande dag for Josefine.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar