mandag 22. november 2010

Eg er attende!

Eg vart så i høgste graden nøgd etter å ha skrive eit nynorsk blogginnlegg sist gong, så eg freister lukka i dag òg!

Som overskrifta gjev ei fråsegn om har eg ikkje vore til stades i Bardufoss på ei stund, ja, ikkje i bloggosfæra heller for den del; eg er nett komen attende frå Mosjøen! Wu-hu er ordet ein skal nytte i denne samanhangen, men då det ikkje har nokon som helst nynorsk svung over seg får ein seie "tenk at ein skulle vere så heppen" i staden. I alle fall om ein finn seg ein buss klokka 06.15 på morgonen frå Tromsø til Bardufoss!

Så siste nytt frå heimstaden:






Nei, der kom eg på noko! Dei grev på åkrane på Øya! Og jorddungane vert så store at ein nesten må tøyme seg så ein ikkje dett av lasset i Tornerosesvevnen! Og ikkje minst: Tilbod på Coop Kjøkken og Heim!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar